Volda kommune melder laurdag ettermiddag at personen som har testa positivt på Covid-19 var på Family Sport Club på Spinneriet i Volda sentrum om kvelden både tysdag 5. og onsdag 6. januar.
50 i karantene på Øyra skule
Elevar i to skuleklasser er i karantene ved Øyra skule.
Åtte deltakarar på ein gruppetime er sett i karantene. Alle som har vore på treningssenteret på tidspunkta som er nemt over, må følge ekstra nøye med på mulige symptom og ha låg terskel for å teste seg.
Det er no 58 personar i karantene.
Smittekjelda er ukjend og ein arbeider med å finne smittekjelda. Fordi det er ukjend smittekjelde må alle vere ekstra på vakt og ha låg terskel for å teste seg, melder Volda kommune.