Kikk litt ekstra etter gulsporven i år

Gulsporv er av Norsk Ornitologisk Forening plukka ut som Årets fugl 2021. Grunnen er at arten dessverre er i tilbakegang.

Årets fugl: Gulsporvhannen er i hekketida eit vakkert syn, med den fargesterke fjørdrakta si dominert av gule og raudbrune tonar. Arten kan også kjennast lett igjen på den karakteristiske songen sin, som vil vere til god hjelp i den nasjonale kartlegginga av arten i 2021. Foto: Jan Erik Røer / Norsk Ornitologisk Forening 

Nyheiter

Som hekkefugl er gulsporven utbreidd over det meste av landet, og i alle fylke, fortel NOF på nettsidene sine.