Startar REKO-ring i Ørsta og Volda

– Her veit du kvar produkta kjem frå

REKO-ring: Stine Leira Rist trur at REKO-ring kan bli ein suksess i Volda og Ørsta. 13. januar blir første utleveringsdag av produkt frå lokale produsentar.   Foto: Svein Nordal/Arkiv

Nyheiter

REKO står for rettferdig konsum. REKO-ringen skal vere ein enkel salskanal der kundane kan handle direkte med lokale matprodusentar. I Volda og Ørsta har det ikkje vore eit slikt tilbod. Dei siste åra har det vore suksess med konseptet i Ålesund der produsentar frå heile Sunnmøre tilbyr sine produkt. I 2021 vert konseptet etablert også i Volda og Ørsta.