Stor omsetningsauke for Grøvik Verk

Grøvik Verk AS i Ørsta hadde stor vekst i takrennesalet i fjor. Det skuldast ikkje meir regn, men at langt fleire rehabiliterte hus og hytte.

Grøvik Verk: Erlend Liadal (til venstre) og Kåre Liadal jr. hos takrenneprodusenten Grøvik Verk AS i Ørsta. 

Nyheiter

Sunnmørsposten: – Vi fekk ein vekst i omsetninga på rundt 15 prosent i 2020. Marknaden vår er stort sett Norge og Island. Berre for Island sin del var veksten betydeleg større, på heile 66 prosent.