Smitte på Øyra skule

  Foto: volda kommune

Nyheiter

Ein tilsett ved Øyra skule i Volda har testa positivt for korona. Fredag kveld la Volda kommune ut denne meldinga:

"Volda kommune har fått stadfesta eit nytt smittetilfelle i kveld 08.01.21. Personen som har testa positivt for covid-19 er tilsett ved Øyra skule. Elevane og tilsette som skal i karantene får melding om det direkte frå Volda kommune. Smittesporing og kartlegging pågår. "