Tilbyr koronatesting for studentar

Høgskulen i Volda tilbyr koronatesting for studentar i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Høgskulen, skriv Høgskulen i Volda på sine heimesider.

I samarbeid med personell frå teststasjonen for Ørsta og Volda kommune, vil det verte tilbod om å ta koronatest ved Høgskulen i Volda dei neste vekene då mange kjem tilbake frå andre stadar i landet.

– Dette tilbodet er spesielt retta til studentane, då fleire ikkje har bil og difor utfordringar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda.

Tilbodet er til studentar busett i Volda som fyller eit eller fleire av desse kriteria:

  • Har vore i område med høgt smittepress.
  • Meiner dei kan ha vore utsette for smitte på anna vis.
  • Har luftvegssymptom.