Ørstahallen stengt for mykje aktivitet

– Vil rose idrettslaga

Mindre aktivitet: Denne og komande veke vert det mykje mindre aktivitet enn normalt i Ørstahallen.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Nyheiter

Med innstrammingane i koronarestriksjonane blir det mykje mindre aktivitet i Ørstahallen denne og komande veke. Organiserte fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar innandørs er tilrådd utsett til etter 18. januar. Leiar Rebecca Riise Bjerknes seier at Ørstahallen er stengt for mykje aktivitet.

– Hallen er stengd, men i grunnen hadde vi ikkje trengt å stenge hallen. Idrettslaga tok ansvar sjølve og gav beskjed til sine medlemmar. Før eg hadde fått sagt at hallen er stengt var medlemmane varsla. Eg vil rose idrettslaga og dei tek tydeleg ansvar.

Den einaste aktiviteten som Ørstahallen er open for er individuell klatring.

– Dette gjeld enn så lenge. Så lenge det ikkje er innstrammingar for treningssenter vil det vere ope, men dette vert vurdert fortløpande.

Sunnmørsk klatreklubb har utsett ungdomsgruppetrening, kurs og liknande til etter 18. januar.

For skulane er det framleis kroppsøving i Ørstahallen.

– Barneskulane er framleis på gult nivå og har framleis kroppsøving. I Ørstahallen er det Velle skule dette omfattar. I tillegg har Ørsta vgs. varsla at dei kjem til å ha eit opplegg med alternativ kroppsøving.