Avgrensa besøk til Ørsta rådhus

Ørsta rådhus.  Foto: Ørsta kommune.

Nyheiter

Etter nye og strengare nasjonale smitteverntiltak 3.januar oppmodar Ørsta kommune folk om å avgrense fysiske besøk til Ørsta rådhus.

Servicekontoret er ope måndag-fredag kl.09-15, men kommunen ber alle vurdere om fysisk oppmøte er naudsynt. Skal ein berre levere dokument, søknadar og liknande kan dette leggast i postkassa ved inngangen til servicekontoret. Denne vert tømt fleire gongar dagleg.

På heimesida til Ørsta kommune kan du finne svar på dei fleste spørsmål, ved å søkje etter nøkkelord i søkefeltet. Dersom du ikkje finn svar på spørsmålet ditt kan du chatte med tilsette på rådhuset, sende ein e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller ringe sentralbordet på tlf. 700 49 700 (kl.08 – 15.30). Sensitiv informasjon må sendast på eDialog. Spørsmål som gjeld korona kan sendast til korona@orsta.kommune.no.

Mange tilsette på rådhuset jobbar no frå heimekontor og kan berre nåast per e-post og telefon. Det kan også avtalast digitale videomøte med ein eller fleire deltakarar. Kontaktinformasjon til tilsette ligg på kommunen si heimeside.