Ein ny person smitta i Volda

Volda kommune melder søndag kveld om eit nytt koronatilfelle i kommunen.

Korona-testing vesle-julaftan. Nok ein person i Volda er smitta..  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Volda kommune har i kveld, 03.01.21, fått melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande var allereie i karantene som nærkontakt i samband med smitteutbrot i Ålesund, heiter det i mneldinga frå kommunen.

Den smitta er no i isolasjon, og nærkontaktar held fram i karantene.

Ungdomsskulen over på raudt nivå

Regjeringa melde søndag at alle ungdomstrinna skal over på raudt nivå frå og med måndag 4.01.21 og to veker framover.

Elevane ved Hornindal, Folkestad og Dalsfjord skular møter som vanleg måndag. Skulane er på raudt nivå ved oppstart av dagen måndag.

Elevane ved Volda ungdomsskule har digital heimeundervisning måndag. Skulen treng måndagen til å organisere for raudt nivå på nytt.

Elevar og føresette får meir informasjon frå skulen.

Skuleskyss går som normalt.