Miste guten: Sorg og sakn er stort for ekteparet Stig Storborg (53) og Trine Strand Storborg (50) i Hovdebygda. Marius fylte heimen med liv. No er det stille, og dagane er vanskelege.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Marius (18) kom aldri heim

Sommardagen er varm då Marius Storborg skal på ferie. 18-åringen gler seg stort då han ropar «snakkast» til foreldra. Så forsvinn den blonde guten i den gamle Mercedesen sin.

Dette skulle verte siste gongen foreldra ser yngsteguten. Marius var blant dei som kunne få alvorlege vrangførestillingar då han drakk sprit. Det kunne dukke opp bilde i hovudet hans som ikkje var sanne. Dette fekk fatale konsekvensar på slutten av ferieturen.

Heime i Hovdebygda har sorg og sakn etter ein aktiv veslebror, tvilling med Martine, som han var mykje saman med, litt etter litt vorte ein vane for Marius sine foreldre, Trine (50) Strand Storborg og Stig Storborg (53).

Det er snart halvanna år sidan Marius forsvann, og aldri er funnen, sjølv om leitinga var omfattande.

Det er framleis vanskeleg å forstå at Marius ikkje skal kome tilbake, at han aldri skal overraske pappa med å hoppe på ryggen hans, at gladguten ikkje skal kome inn att frå garasjen med smurning på fingrane etter å ha skrua bil med kompisar. At han ikkje meir skal stå på stovegolvet, sveitt i luggen etter å ha vore på fotballtrening. Framleis ventar Trine og Stig på at Marius igjen skal fylle heimen med liv, ein glad gut med eit stort smil.

– Marius var så samlande for familien. Då han var her var det aldri stille. No er det så stille i huset at det innimellom ikkje er til å halde ut, fortel foreldra.

Opne dører

I heimen deira i Hovdebygda, som alltid har hatt vidopne dører, finn ein fleire bilde av Marius og søskena. Ved eit av dei står ei stor glasbolle med små kort. På desse har familie, venner og kjende skrive ei siste helsing. Det gjorde dei under minnestunda i kyrkja som vennene laga til. Den store deltakinga, og alle helsingane, vitna om ein gut mange likte, og hadde kjennskap til.

17. mai: Martine (15) (t.v.), Christoffer (26) og Marius (15), tre blide søsken i Hovdebygda.  Foto: Privat

– Marius var veldig aktiv og allsidig, og hadde venner over alt, fortel Trine og Stig.

Ho er psykiatrisk sjukepleiar, og Stig køyrer betongbil.

Marius utmerka seg på fotballbana, og vart så god at han kom på krinslaget. Om vinteren var han ofte på Bondalseidet.

Då han begynte på ungdomsskulen, dabba interessa for sport litt av, og Marius vart meir interessert i å skru bilar. Storebroren Christoffer, som jobbar på bilverkstad, vart ein slags mentor for broren som hadde ein kremmar i seg. Marius var nemleg veldig oppteken av høgtalarar og feit lyd. Han kjøpte slike, ordna på dei, og selde dei vidare med forteneste.

Christoffer kjøpte sitt eige hus i starten av tjueåra.

– Marius sa han skulle kjøpe hus endå tidlegare enn broren, og at han skulle gjere det utan å ta opp ei krone i lån. Han likte å konkurrere, smiler Stig.

Drøymde om sjøen

Marius sin store draum var å kome på sjøen, verte fiskar. Han stod på, og søkte over 200 jobbar på båt, og kom i mål. Det vart eit par turar på han, mellom anna til Grønland og linefiske. Han fekk skryt av mannskapet, og var flink å jobbe og godt likt.

Skulebilde: Her er Marius Storborg seksten år. Han var ein populær gut med mange venner. Den store draumen hans var å verte sjømann.  Foto: Privat

Før han reiste på sjøen att ville han unne seg litt ferie. Laurdag 22. juni 2019 hadde ikkje skuleferien starta. Og dei kompisane Marius spurde, kunne ikkje vere med han. Men det var ikkje noko problem for 18-åringen å køyre åleine på ferie. Marius treivst også godt i eige selskap.

Marius set kursen nordover, før han tek av mot Sverige. Det vert lange etappar. Han set kursen mot Øresundbrua, og inn i Danmark. Til slutt hamnar han i Hirtshals. Då viser kilometerteljaren rundt 350 mil. Marius er sliten, og foreldra oppmodar han om å ikkje køyre lenger, men å ta båten til Bergen. Marius er samd. Om kvelden køyrer han om bord i passasjerferja MS Stavangerfjord. Han fortel dei heime at han vil legge seg tidleg.

Men planen vert endra, slik dei kan bli hos den noko impulsive guten. Om bord møter Marius nokre jamaldrande danskar som har det hyggjeleg, slik det skal vere på ein underhaldningsbåt mellom Noreg og Danmark. Også Marius drikk alkohol.

Danskebåten: DS Stavangerfjord går mellom Hirtshals, Bergen og Stavanger. Foto: Thomas Østberg-Jacobsen  Foto: Thomas Østberg-Jacobsen

På fest saman med gode kompisar har alkohol ikkje skapt problem, men når Marius drakk sprit kunne åtferda hans av og til endre seg. Marius kunne få bilde på netthinna som ikkje var sanne. Det kunne handle om psykotiske symptom, hallusinasjonar og paranoide tankar.

– Han visste at han ikkje burde drikke sprit. Dette hadde vi snakka om. Likevel er det forståeleg at Marius gløymde seg nokre gonger.

Redd

Litt etter midnatt, kring elleve nautiske mil utanfor kysten av Mandal, hender det noko dramatisk.

– Eg snakka med Marius rundt midnatt. Han ringde, gret, og var frykteleg redd. Han sa han hadde nokon etter seg, fortel Stig.

Han forstod at sonen var i psykose grunna alkohol.


Alkohol og psykose

Alkohol kan utløyse ein akutt psykose. Ein psykose er ei alvorleg psykisk liding med ei rekkje symptom og plager.


– Marius trudde han vart truga på livet. Han var veldig stressa, fortel faren.

Svært uroa ringde han politiet i Ålesund og forklarte situasjonen. Sjølv om Hovudredningssentralen for Sør Noreg etter kvart slo alarm, og sette inn det dei kunne av hjelpemateriell, var det for seint. Marius var sakna. Det vart leita omfattande i svart sjø. Men det var som å leite etter nåla i høystakken.

– Vi håpte heile tida at mannskap på danskebåten skulle gripe inn.

Det høyrer med til historia at det eine flyet som leita etter Marius styrta, og ein person omkom. Seinare har Trine og Stig gitt ei pengegåve frå gravferda til flyklubben der den omkomne var medlem.

Då presten neste morgon stod på døra i Hovdebygda, forstod Trine og Stig kva som hadde skjedd.

Oppmoding

Trine og Stig har ei oppmoding til dei unge:

– Det er så mykje fin ungdom rundt oss, og vi har ingen å miste. Ver klar over konsekvensane av å drikke alkohol, og først og fremst brennevin. I verste fall kan det få katastrofale konsekvensar. Ungdommen skal sjølvsagt ha det kjekt, og møtast. Det høyrer ungdomstida til. Men ver forsiktig og pass på kvarandre!

Marius Storborg og syster Martine på ferietur.  Foto: Privat

Tunge dagar

Å leve med sorg og sakn er tungt. I starten, etter at Marius forsvann, var det for Trine og Stig ein kamp berre å stå opp og få i seg mat. Sjølv om dei hadde sove, kunne dei vere veldig slitne. Då høgtidsdagane, og bursdagen til Marius kom, skar smerta ekstra vondt.

Stig Storborg (53) og Trine Strand Storborg (50) i Hovdebygd fortel om vanskelege dagar etter at dei miste yngstesonen.  Foto: Roy-Arne Folkestad

– Berre dei som har opplevd å miste eit barn kan forstå kor forferdeleg det er. Sjølv om tida har gått, har vi det like vondt i dag.

Trine og Stig grudde seg til å byrje på arbeid att. Men det har gått betre enn frykta fordi arbeidsgivarane og kollegaer har vist stor forståing og lagt til rette. Det betyr alt.

Stig har funne sin eigen måte å takle sorga i arbeidstida.

– Plutseleg kan tårene trykkje på, og eg kjenner behov for ein time out. Då stoppar eg langs vegen, og let alt som skal ut kome.

Naturen

Å vere heime kan vere krevjande for ekteparet.

– Det hadde ikkje vore bra å ikkje gå på arbeid. Då hadde eg gått heime og tenkt og grubla heile tida. Av og til når eg har fri, og er heime, kan eg føle at eg vert kvelt. Då må eg berre stikke ut, gå meg ein tur i naturen, slik eg ofte gjorde saman med Marius. Eg går ofte der vi gjekk. Det er mi form for terapi. Ute, når eg er åleine, får tårene trille fritt og då kan eg prate med Marius, fortel Trine.

For Stig er helgane dei verste dagane.

– Eg vert fort rastlaus og «tung» i hovudet, og må ut, vere i aktivitet. Eg kan ta meg ein biltur eller finne på å gjere noko praktisk, som å måle ein husvegg, sjølv om veggen ikkje treng måling.

For paret er det også god terapi å prate med folk.

– Vi har heldigvis ein bukett som alltid er der, ikkje minst foreldra våre, som alltid stiller opp og viser forståing. Dette betyr alt.

Både Trine og Stig har alltid vore sosiale, men etter at Marius forsvann har omgangen med folk vorte avgrensa. Og det kan vere utfordrande å møte kjentfolk.

Deltaking i sorggruppe har gjort godt.

– Der møter vi folk i same situasjon.

Minnestaden på Askjellhaugen, der familien hadde ei stille gravferd, viser spor av at kompisane bryr seg. Omsorg viser nokre kompisar også ved at dei etter ulykka kom heim til Marius og reparerte den gamle Volvoen, ein 740, han kjøpte for konfirmasjonspengane. Kompisane skifta til og med motor på bilen.

Trine Strand Storborg og Stig Storborg forstår godt at nokre som mistar born aldri klarer å stå på føtene som før. Av og til, i dei mørkaste stundene, har også dei tenkt at dei berre vil gi opp, at dei ikkje orkar meir av sorg, sakn og tunge stunder.

– Men vi har att to born å leve for. Ein dag skal dei, Marius og oss to møtast – alle saman. Då skal vi ha verdas beste gruppeklem.