Ukjend smittekjelde i Ørsta

Koronatesting teststasjonen Hovdebygda desember 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder tysdag morgon at det ikkje har lukkast å finne ei sikker smittekjelde til den koronapositive innbyggjaren Ørsta kommune fekk meldt 23.desember.

"Dette betyr at vi alle saman må vere ekstra flinke med å følgje smittevernråda. Det er svært viktig at folk med luftvegssymptom held seg heime og har låg terskel for å ta kontakt for testing. Teststasjonen i Hovdebygda har god testkapasitet. Opningstider denne veka er 29.12. kl. 09-13, 30.12. kl. 09-12 og 02.01. kl. 09-13. Frå 4. januar gjeld ordinære opningstider mån-fre kl.09-14", skriv kommunen på si heimeside..