Slik er planen vidare for koronavaksinasjonen

Sju kommunar får levert koronavaksinar før dei andre og set måndag i gang vaksinasjonen på sjukeheimane sine. Resten av kommunane i landet startar etter nyttår.

Svein Andersen (67) på Ellingsrudhjemmet i Oslo, var søndag den første i Noreg som fekk koronavaksinen. Sjukepleiar Maria Golding sette vaksinen.   Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Nyheiter

Søndag vart bebuar Svein Andersen (67) på Ellingsrudhjemmet i Oslo historisk då han fekk den første koronavaksinen i Noreg. No står bebuarar på sjukeheimar i sju kommunar på Austlandet for tur i første omgang.