Klare for vaksinering i Ørsta

Vaksinering startar i Ørsta i veke 1.  Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Nyheiter

Ørsta kommune har meldt frå til fylkesmannen om at dei er klare til å ta i mot fyrste levering av vaksiner mot koronaviruset i veke 1 i 2021. Den fyrste leveringa er på 40 doser.

- FHI har planar om vekentlege leveringar til kommunane framover. Dei fyrste vekene vil alle dosene gå til bebuarar på sjukeheimane. Det er Pfizer-vaksinen vi får, utvikla i samarbeid mellom tyske BioNTech, USA-baserte Pfizer og kinesiske Fosun Pharma. Alle som skal vaksinerast må ha to doser med minst 3 veker mellomrom.