Looknam er permittert

Held oppe humøret trass permittering

– Sjølvsagt vil vi merke dette på inntekta, og det kan verte verre. Men vi er nøydde til å få dagane til å gå.

Snømåking: Søndag måtte Looknam i aksjon med snømåking, saman med resten av familien. F.v.: Atsadawoot Patitanang , Sudtida Patitanang og Emile van Embden. 

Vi er vande med å ha oss sjølve, og elles kommunisere med familie og slekt i utlandet via nettet

Emile vanEmbden
Nyheiter

Det seier ekteparet Looknam Donrat og Emile van Embden på Sæbø.

Begge arbeider på Volda turisthotell. Looknam er permittert, men Emile førebels er i full jobb.

Looknam har femti prosent stilling, men er i tillegg tilkallingshjelp. Det gir henne ei stilling på ca. 70-80 prosent. No har ho igjen ellve timar med arbeid i veka.

– Eg ryddar romma på torsdagar og fredagar, elles er eg permittert, fortel Looknamn.

– Vi har fullt hotell frå søndag kveld til torsdag morgon. Det er bygnings- og anleggsarbeidarar som arbeider med Volda Campus Arena og ferjekaia på Vikeneset. Så får vi sjå kor lenge den aktiviteten er i gang, seier van Embden.

Han arbeider som kokk ved hotellet, og er altså i hundre prosent jobb førebels.

Frå Nederland og Thailand

– Men eg fryktar eg også vert permittert dersom denne situasjonen vert langvarig, og hotellet vil misse kundar, seier vanEmbden.

Kortspel: Det vert tid til å spele kort under korona-tida. F.v.: Sudtida Patitanang, Emile vanEmbden, Atsadawoot Patitanang og Looknam Donrat. Foto: Privat  Foto: Rune Sæbønes


Han er frå Nederland medan Looknamn er frå Thailand. Dei har budd på Sæbø i mange år, og flytta i fjor sommar inn i eit større hus då borna til Looknamn fekk opphaldsløyve i Noreg og flytta til Sæbø.

– Vi er to vaksne og to tenåringsbarn i huset. Det er klart dette kan verte tett når det no er mykje heimetid. Men vi får dagane til å gå på ein fin måte, seier vanEmbden.

Det vert spela kort og brettspel, og det vert mykje tid på internett.

– I desse dagane tenkjer vi for ein fantastisk ting internett er. Det gjer at vi har dagleg kontakt med våre folk i Nederland og Thailand. Det er godt og viktig, fortel Emile.

– Vande med oss sjølve

Samstundes seier han at situasjonen nok ikkje er verst for hans type familie, der all slekt er i andre land.

– Så vi er vande med å ha oss sjølve, og elles kommunisere med familie og slekt i utlandet via nettet.

Når den eine er permittert, vert det sjølvsagt tenkt på økonomien. Emile og Looknamn er glade for at der laga reglar som sikrar ei inntekt også for permitterte. Men dersom permitteringa vert langvarig, vil utbetalingane frå Nav etter kvart verte reduserte.

– Må halde humøret oppe

– Likevel, det handlar om å halde humøret oppe. Det greier vi. Vi tenkjer at vi bur tett, men at det neppe er verre enn det hyttefolket ville ha hatt det dersom dei fekk lov til å reise på hytta, seier Emile med eit smil.

Sjølv saknar han litt sosial kontakt. Han er på arbeid, og er elles heime. Dei daglege turane til fotballanlegget på Sæbø for å sjå på treningane, er det førebels ein slutt på.

Broderi: Looknam brukar tida til brodering. Foto: privat  Foto: Rune Sæbønes


– Men vi har det fint. Det er folk som har det verre enn oss, seier Emile.

Han vedgår at mykje lediggang for hushaldninga kan verte usunt i lengda.

– Det er lett å ta dei enkle løysingane når det skal lagast mat. Og det er lett for å ta ein sjokolade eller noko snacks utanom måltida. Det kan verte for mykje kaloriar, seier Emile.

Slikt kan vere ting ein ikkje tenkjer så mykje på dei fyrste dagane og vekene.

– Men må vere noko vi tenkjer på i lengda, seier Emile.