Elevane på Velle fekk møte kvarandre att

– Dette er ein gledeleg dag etter at elevane har vore i eit sosialt vakuum

– No gler vi oss til å starte på skulen att!

Ny skulestart: Stor stas å starte på Velle skule att. Frå venstre Ida Sofie Åmelfot og mora Ragnhild Åmelfot saman med mor og dotter, Gro Osborg Endal og Anna Endal. 

Nyheiter

Andreklassingane Anna Endal og Ida Sofie Åmelfot var både spente og glade då dei måndag endeleg kunne møte opp på Velle skule for undervisning etter vekevis med heimeundervisning via internett. Også foreldra er glade for at elevane frå første til fjerde klasse no får vere på skulen.

– Berre alle følgjer reglane så vil nok dette gå bra. Vi må berre stole på at opplegget er trygt og godt, seier mødrene Gro Osborg Endal og Ragnhild Åmelfot.

Elevar: Første skuledag etter korona, no med større avstand mellom pultane.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Smil

Alle elevane vart tekne imot av ein lærar, og dei ulike aldersstega brukte kvar sin inngang. Rektor Vidar Nupen syntest det var på sin plass å heise flagget. For denne dagen har mange venta på.

– Dette er ein gledeleg dag etter at elevane har vore i eit sosialt vakuum, seier Nupen.

Skuledagen vert ganske ulik tidlegare dagar på skulen, og no må elevar og vaksne følgje nye reglar og dagsplanar. Elevane er inndelte i grupper på maksimalt femten elevar og alt areal som kan brukast vert nytta. Elevane har friminutt på ulike tider.

– Eg føler meg veldig trygg på reglane frå regjeringa. Men eg er litt spent på korleis det nye kjem til å fungere. Born er jo impulsive, og må få leike saman sjølv om vi har korona. Men vi har gode tiltak på skulen, fortel Nupen.

Vatn og såpe

Mykje handlar om hygiene og bruk av vatn og såpe. Det er sett opp fleire vaskar utandørs og elevane må vaske hendene når dei kjem til skulen.

– Dei skal også vaske seg etter kvart friminutt, i samband med matpause og før SFO, fortel Nupen.

Velle skule skrik etter utviding for dei kring 300 elevane. No under korona utnyttar dei alt areal på best mogleg måte. I klasseromma sit dei med eit par meters avstand.

Glad: Dette er gledeleg at skulen kan opne att, seier rektor Vidar Nupen. Måndag heisa han flagget.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Meir via nett

Heimeundervisninga har fungert veldig bra via nettet.

– Vi har hatt eit kvantesprang for digital undervisning. Framover vil vi sjå mindre av den klassiske kateterundervisninga. For sjølv om elevane er tilbake skal vi halde fram med – og vidareføre – det beste frå digital undervisning, fortel rektoren.

Elevane frå femte til sjuande klasse har framleis heimeundervisning.

– Dersom eg var statsminister hadde eg sagt at desse elevane må vente tre veker til. No treng vi ein periode for å vurdere korleis det nye systemet fungerer. Men dei eldre elevane er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Klasseromma står og ventar på dei. For dei vert ikkje nytta no, fortel Vidar Nupen.