Ny korona-smitta i Ørsta – seks i isolasjon

Korona-testing vesle-julaftan. Nok ein ørsting er smitta, og seks er sett i karantene.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder tidleg julaftan ettermiddag at nok ein ørsting har fått påvist korona-smitte. Prøva kom tilbake positiv om kvelden 23. desember.

Smittesporinga har avdekka totalt seks nærkontaktar. Alle er no i isolasjon/karantene og vert følgt opp av smittesporingsteamet gjennom julehelga.