Får vaksiner rett over nyttår

Volda omsorgssenter: Dei som bur på sjukeheimane får vaksinen først.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Vaksineringa mot korona byrjar rett over nyttår i Volda, melder kommuneoverlegen. Men det kjem berre 40 vaksiner første veka.

Volda kommune la ut denne pressemeldingar julaftan: "Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol har meldt frå til Fylkesmannen om at vi er klare til å ta imot første levering av vaksiner i veke 1. Dei første vekene vil alle dosene vi får gå til bebuarar på sjukeheim. Vi får 40 doser første veka. "