To nye korona-smitta i Volda

To nye voldingar har testa positivt på korona.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder onsdag ettermiddag at to nye personar i kommunen har fått påvist korona-smitte.

Begge var nærkontaktar til tidlegare tilfelle og er no sett i isolasjon. Smittevegen er kjent.

Teststasjonen opplever litt forseinking på koronasvar denne veka. Telefonen stengde klokka 12.00 onsdag. Etter dette kjem ein til å sende ut SMS med prøvesvar dei neste dagane slik at ein sikrer at alle får svar. Denne SMS-en kjem i tilfelle i tillegg til svaret på helsenorge for dei som får svar der.

Opningstider på teststasjonen i jula, i veke 52 og 53:

Måndag og tirsdag: 09.00-13.00

Onsdag: 09.00-12.00

Torsdag og fredag: Stengt

Laurdag: 09.00-13.00

Det kan bli endringar i desse tidene.