Kommunane må smittespore veldig aktivt i jula

Fleire kommunar opplever auka koronasmitte i julestria. Assisterande helsedirektør Espen Nakstad understrekar viktigheita av aktiv smittesporing også i høgtida.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad er bekymra for aukt koronasmitte i jula.   Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

Nyheiter

– Det aller viktigaste no er at dei kommunane som har smitteauke, er veldig langt framme i skoa og følgjer med kvar smitten er og testar og smittesporar veldig aktivt også i jula, sa Nakstad på NRK Dagsnytt onsdag morgon.

Det siste døgnet er det registrert 596 koronasmitta i Noreg. Det er 165 fleire enn dagen før og 78 fleire enn same dag førre veke.

– Dessverre har nedgangen som vi har hatt dei siste tre vekene, flata ut, og no stig det tydeleg i fleire av dei store bykommunane. Det skal seiast at fleire testar seg, men likevel er det ei urovekkjande utvikling, uttalte Nakstad.

Den assisterande helsedirektøren legg heller ikkje skjul på at det fort kan bli ein ytterlegare smitteauke i romjula og på nyåret.

– No går vi inn i jula. Det er ei tid der folk er veldig mykje i kontakt med andre. Det er òg veldig mykje kontakt no i julerushet. Det kan vi nok dessverre sjå etterverknadene av ut i romjula og på nyåret, og det er vi bekymra for, seier han.