Vil helst ha bebuarane på sjukeheimane i jula

Det er ikkje ynskjeleg at bebuarar på sjukeheimane i Ørsta reiser ut av institusjonen i jula. Det kan likevel verte teke individuelle vurderingar.

Institusjonar: Ørsta kommune har eigne reglar for institusjonane i jula. 

Nyheiter

– Det er ikkje ønska at bebuarane deltek i større juleselskap. FHI sine råd om maks 10 gjestar og minimum ein meter avstand må haldast, men me tilrår helst mindre selskap. Me tilrår også å unngå selskap som inkluderer gjestar frå område med høgt smittetrykk med mindre dei har levd isolert og ikkje har reist med offentleg kommunikasjon, heiter det frå Ørsta kommune.