Rune Hovde (56) melde seg som vikarlærar

"Her får ein verkeleg kjenne på kva det vil seie å gjere eit ærleg arbeid"

– Då er eg tilbake på Hovden skule, og det er kjekt. Det var her, som elev, eg hadde mitt fyrste ribbeinsbrot, mimrar Rune Hovde (56).

Rune Hovde tilbake på barndomsskulen. No som vikarlærar.  Foto: Rune Sæbønes

Her får ein verkeleg kjenne på kva det vil seie å gjere eit ærleg arbeid

Rune Hovde, vikarlærar
Nyheiter

Den tidlegare ordføraren i Ørsta og rådmannen i Stryn er mellom dei som har meldt seg til teneste som lærarvikarar i Ørsta-skulen.