Planlegginga for vaksinasjon i gang

– Institusjonar og omsorgsbustadar først

Volda omsorgssenter 

Nyheiter

Volda kommune er godt i gang med planlegging for gjennomføring av vaksinasjon for covid-19.

– Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på heimesida til kommunen og gjennom andre kanalar som sosiale media og lokal presse. Det vil også bli tatt kontakt med nokon av dei som skal få tilbod om vaksine direkte der det er behov. Vi vil komme tilbake med informasjon om kva grupper som er tilrådd vaksinasjon og rekkefølga mellom disse. Kommunen eller fastlegen din kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste, heiter det i ei pressemelding.

Etter råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa prioritert kven som skal få vaksine først. I første omgang er bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustadar, eldre over 85 år, eldre over 75 år og deretter dei over 65 år og personar 18–64 år med ein eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før prioriterte.

– Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan bli endra dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Når vaksinane blir sendt ut vil det vere kort frist på å gjennomføre vaksinasjonane, då har ein berre 5 dagar på grunn av haldbarheita på vaksinen.

– Den første gruppa som er prioritert har ein god oversikt over då desse bur på institusjonar og omsorgsbustadar. Det er opplegg for personell som skal utføre vaksinasjonane.