Ørsta og Volda får ekstraordinær koronastøtte

Ørsta kommune og Volda kommune får til saman 4,2 millionar kroner i ekstra skjønnsmidlar grunna koronatiltak.

Koronapengar: Ørsta og Volda har brukt mykje pengar på koronatiltak, mellom anna teststasjonen i Hovdebygda. 

Nyheiter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått 21 millionar kroner til fordeling i ekstraordinære skjønsmidlar til kommunane.

Midlane har vorte fordelt til dei kommunane som har hatt dei høgaste utgiftene til smittevern og TISK (testing, isolasjon, smittesporing og karantene).

– Vi har også lagt vekt på tal på

registrert smitte, kartlegginga for meirutgifter til smittevern og TISK for heile året, og dessutan har vi sett fordelinga i samanheng med tidlegare tildelingar av skjønnsmidlar til TISK og smittevern grunna

koronapandemien, heiter det frå fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Ørsta kommune får to millionar kroner, medan Volda kommune får 2,2 millionar kroner.

Berre Ålesund kommune (2,3 millionar kroner) får meir.