114 negative testar

Det er framleis fem personar i korona-isolasjon i Ørsta. Det er ingen nye positive prøver.

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Smittesituasjonen i Ørsta er uendra dei siste dagane. Det er framleis fem som er i isolasjon i Ørsta med covid-19, melder Ørsta kommune.

Onsdag var det ingen meldingar om nye smittetilfelle. Det kom svar på 114 testar, og alle var negative.

Dei siste fire dagane har det vorte teke 642 testar på teststasjonen, melder kommunen.