Vaksineutstyr er på veg

Helsedirektoratet startar tysdag utsending av sprøyter og anna utstyr til kommunane, slik at dei skal vere klare når den første koronavaksinen kjem.

Helsedirektoratet startar tysdag utsending av sprøyter og anna utstyr til kommunane, slik at dei skal vere klare når den første koronavaksinen kjem.   Foto: Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Nyheiter

Vaksineutstyret blir fordelt etter talet på innbyggjarar, slik at alle kommunar får utstyr til å vaksinere ein like stor del av befolkninga.

– Dette er ein milepæl i arbeidet for å stanse pandemien. Den første leveransen med sprøyter og vaksineutstyr som vi no sender ut, vil gjere kommunane godt førebudde til å starte vaksinasjonsarbeidet, seier assisterande helsedirektør Geir Stene Larsen.

Distribusjon av vaksineutstyr startar nord i landet, og leverandøren jobbar seg sørover dei neste to vekene. Før nyttår vil alle kommunar få levert nok utstyr til at dei kan starte vaksinasjon så snart dei første vaksinane kjem, opplyser Helsedirektoratet.