Tre nærkontaktar sett i karantene

Fryktar smitte på Hornindal skule.

Hornindal skule: To elevar og ein tilsett er sett i karantene   Foto: BENGT FLATEN, Fjordingen

Nyheiter

Fjordingen: Ved Hornindal skule er det pr. i dag 2 elevar og ein tilsett som er definert som nærkontaktar i høve koronautbrotet i Volda og Ørsta nyleg. Det melder Hornindal skule måndag kveld.

Dei tre skal ta koronatest, men går uansett resultat inn i ein 10 dagars karantene, opplyser rektor ved Hornindal skule, Gro Mikalsen Hundeide.

– Om det skulle vise seg at vi har smitte på skulen, vil alle nærkontaktar til desse personane bli kontakta av smittesporingsteamet i Volda, seier Hundeide.

Rektoren viser til at det er kommuneoverlegen og kriseleiinga i Volda kommune som jobbar med smittesporing og bestemmer tiltaka.

Denne artikkelen vart først publisert av Fjordingen.