Fem i isolasjon og over 150 i karantene

Ingen nye smittetilfelle

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

– Vi har per no ikkje fått melding om fleire positive tilfelle knytt til smitteutbrotet. Vi forventar likevel at det kan kome fleire tilfelle, men at dette då vil vere hjå personar som sit i karantene og derfor gir mindre ringverknader, heiter det i ei oppdatering frå Unni Natås, kommuneoverlege i Ørsta, og Inger Lise Kaldhol, kommuneoverlege i Volda kommune.

Fem personar har testa positivt for covid-19 dei siste dagane og over 150 personar er i karantene.

– Nokre av nærkontaktane er tilknytt andre kommunar og blir testa og fylgt opp der. Det er smittesporingsteamet som avgjer kven som skal i karantene.

Dei to siste dagane har 360 personar blitt testa på teststasjonen i Hovdebygda. Også tysdag var det mange som testa seg.

– Vi har teke imot svar på om lag 280 av desse, og nærkontaktar har vore prioritert. Smittesporingsteamet vil dei nærmaste dagane gå igjennom og sjekke at alle prøvesvara har kome og ta kontakt igjen med alle nærkontaktane for vidare oppfølging.

Kommuneoverlegane opplyser at dei har god oversikt over situasjonen.

– Det betyr at skulane i Ørsta og Volda etter nasjonale retningslinjer skal vere opne og driftast på gult nivå. På Dalane skule i Ørsta er 1.–5. trinn tilbake på skulen i dag, medan 6.–7. trinn er i karantene og har heimeskule. På Volda VGS er dei som skal vere det i karantene medan skulen elles held fram som normalt.

Det vert opplyst at det ikkje er grunnlag for å leggje ytterlegare restriksjonar på aktivitetar i lokalsamfunnet enn dei nasjonale retningslinjene.

– Hugs at du ikkje kan kjenne forskjellen på ei vanleg forkjøling og symptom på korona. Får du luftvegssymptom, må du halde deg heime og teste deg. Hald hovudet kald og hjartet varmt.