Godt år trass korona

– Vi har fått sal som gjer at vi har arbeid nesten ut heile neste år

Medan permitteringar dominerer i fleire næringar grunna korona, rår reine jubelbrusen for byggjebransjen.

boligpartner: Auka ordreinngang har gjort at Boligpartner i Ørsta har dobla talet på byggjeleiarar. Nyleg vart Øystein Sæle (med skjegg) tilsett. Dei andre på Ørsta-kontoret er Ingmar Jøsokbakke, Elisabeth Haugen Brune og Monika Barstad Rebbestad. 

Nyheiter

– Eg var bekymra då korona kom, og trudde at no ville alle slutte å kjøpe hus. Men salet har vore overraskande godt, og vi har i år selt meir enn venta. Vi ligg no over årsbudsjettet og har slett ingen grunn til å klage.