Ein av 118 har testa positivt

Men ventar fleire smitta i dagane framover

Ein ventar fleire smitte-tilfelle i dagane framover.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

118 av dei 170 personane som vart testa på teststasjonen søndag har fått svar, og hittil har ein av desse fått påvist korona-smitte. Men det vil truleg kome fleire positive prøvesvar i dagane framover, skriv Ørsta kommune.

Det nye smittetilfellet vart meldt om søndag kveld, og dette er ein elev ved Volda VGS, busett i Volda kommune. Den smitta er nærkontakt til det første smittetilfellet ved Volda VGS. Seint i går kveld vart 39 nye nærkontaktar kontakta og sett i karantene. Nye nærkontaktar har blitt testa i dag. Totalt sett er det no 157 personar i karantene i knytt til smitteutbrotet.

Og 52 av dei som vart testa søndag ventar framleis på prøvesvar.

«Vi ventar fortsatt på fleire prøvesvar, og vil kome tilbake meir informasjon om resultatet av desse etter kvart. Det vil truleg kome fleire positive prøvesvar i dagane framover», skriv Ørsta kommune.

Dalane skule i Ørsta held fram med heimeskule til vi har fått prøvesvara vi ventar på.

Ørsta kommune:

«Vi minner om at alle som har forkjølingssymptom må halde seg heime og bestille koronatest. Alle som har fått beskjed frå smittesporingsteamet om å vere i karantene skal halde fram med det. Dei som har testa negativt vil få tilbod om ny test på slutten av karantenetida og før dersom dei skulle få symptom. Dersom personar som sit i karantene får symptom, skal dei gå rett i isolasjon og husstandsmedlemmer i karantene.»