Fire nye korona-smitta i Ørsta

Korona-testing.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Ørsta kommune melder laurdag kveld om fire nye korona-smitta i Ørsta.


Koronasmitte på Volda vgs

70 elevar og 7 lærarar i karantene

Ein førsteårs-elev på Volda vidaregåande skule har fått påvist korona-smitte, får Møre-Nytt opplyst laurdag ettermiddag.




Kommunen skriv:

"Ørsta kommune har i dag fått melding om 4 positive smittetilfelle i kommunen vår. Smittekjelda er tilreisande frå ein annan kant av landet, og dette smitteutbrotet har ikkje samanheng med tidlegare smitteutbrot vi har hatt.

Dei smitta er sett i isolasjon, og det pågår eit omfattande smittesporingsarbeid. Nærkontaktar vert kontakta og vil bli testa.

Sjette- og sjuandeklassingane på Dalane skule i Ørsta er i karantene, og det er også lærarar og tilsette på skulen, - og nokre fleire som har deltatt på ei fotballtrening.

I tillegg er fleire klasser på Volda vidaregåande og tilsette i karantene.

Også fleire personar som har vore i tingretten i Volda denne veka har blitt pålagt karantene. Smittesporingsarbeidet held fram utover laurdagskvelden.

Smittefare på bussturar

Smittekjelda til desse fire nye tilfella i Ørsta kom reisande til Vigra med fly.

Folkehelseinstituttet sitt nasjonale smittesporingsteam smittesporar no aktuelle fly-passasjerar.

På følgjande bussreiser kan det ha vore smittefare:

  • 4. desember: Flybuss frå Vigra klokka 19.10 til Ålesund. Timeekspress frå Ålesund kl 19.55 (rute 101) til Ørsta kl 21.38.
  • 7. desember: Timeekspress (rute 101, overlapping med ekspressbuss frå Bergen) frå Ørsta kl 07.55 eller 08.55. Flybuss frå Ålesund klokka 11.08, ankomst Vigra 11.30.

Har du vore passasjer på ein av dei aktuelle bussrutene, ber vi deg ha låg terskel for å ta kontakt for testing i din kommune dersom du har symptom, skriv kommunen.

- Teststasjonen i Hovdebygda har ope (tlf 70058960) søndag frå klokka 10.00 til 13.00. Det vil også vere høve til å bestille test på nett, opplyser kommuneoverlege i Ørsta, Unni Natås.