Koronasmitte på Volda vgs

70 elevar og 7 lærarar i karantene

Ein førsteårs-elev på Volda vidaregåande skule har fått påvist korona-smitte, får Møre-Nytt opplyst laurdag ettermiddag.

Korona-smitte på Volda vgs.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Dette har ført til at heile klassen til eleven – pluss to elevgrupper innan matematikk og språk - er sett i karantene. Også alle lærarane eleven har hatt dei siste dagane er i karantene.





- Eg vil anslå at vel sytti elevar og sju lærarar ved skulen no er i karantene, seier rektor Trond Hjelseth på Volda vidaregåande skule.

Volda vidaregåande skule har levert klasse- og gruppelister til Ørsta kommune, som tek smittesporinga vidare.

Melding frå kommunehelsetenesta i Ørsta:

"Alle nærkontakter må raskt i karantene og derfor mottar de denne varslinga. Smittesporingsteamet vil ringje med meir informasjon."

Ørsta kommune fekk laurdag kveld melding om fire nye korona-tilfelle, og har sett sjette- og sjuandeklassingane på Dalane skule i karantene, i tillegg til lærarar og personar som deltok på ei fotballtrening.