Ny korona-smitta i Volda

Nyheiter

Volda kommune melder torsdag ettermiddag om nok eit smittetilfelle. Personen fekk vite om smitten onsdag kveld, og vedkomande er nærkontakt med ein frå før smitta.



Personen var allereie i karantene, og er no sett i isolasjon.

Det vart testa totalt 510 personar på teststasjonen i Hovdebygda sist veke.

Frå måndag 14. desember går teststasjonen tilbake til normal drift. Det er det transport av prøvene 12.30 og svar etter 1,5-2 døgn.