Fem nye korona-smitta i Ørsta

Fem nye korona-smitta i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder torsdag føremiddag at fem nye personar har fått påvist korona-smitte. Kommunen fekk melding om prøvesvara onsdag kveld.



- Det er snakk om innreise frå utlandet, og det er god kontroll på situasjonen. Dei smitta har vore i innreisekarantene og er no i isolasjon, skriv Ørsta kommune.