OSLO 20150409. Forkjølelse, pollen, nys, allergi hoste. Mann nyser. illustrasjon Foto: Cornelius Poppe / NTB NB! Modellklarert  Foto: Cornelius Poppe

Språkåret 2020: – Meteren har vorte ein Skybert vi tek med oss ut

NPK-NTB: Har du møtt koronapolitiet eller stått i hyttekrigen? Kjent på dorullskamma? Koronapandemien har ført til eit uvanleg kreativt språkår, slår Språkrådet fast.

Fredag kårar Språkrådet årets nyord, og dessutan dei ti nye uttrykka og omgrepa som dei meiner har prega 2020 mest.

– Eg røper nok ikkje for mykje når eg seier at koronapandemien i stor grad vil prege den lista, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til NTB.

Wetås slår fast at det har vore eit eksepsjonelt språkår med rekordmange ordkandidatar.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås.   Foto: Mariam Butt


– Pandemien har trigga den språklege kreativiteten, det er det ingen tvil om, seier ho.

Ny situasjon, nye ord

Ho seier dette språkåret særleg er kjenneteikna av mange nylaga ord.

– Det er ein venta bieffekt av ei så stor hending. Vi skal ha nye rutinar, og vi treng nye måtar å omtale det som trefte oss, seier ho.

Søringkarantene, hytteforbod og hyttekrig, koronasveis og karantenekropp er blant omgrepa vi har tydd til for å forklare kva som skjer.

– Det er alt frå dei store tinga i samband med politiske avgjerder til dei små tinga i kvardagen for kvar enkelt, seier ho.

Hytteforbod dukka opp som eit nyord.  Foto: Erik Johansen


Ho seier den digitale utviklinga også har prega året med ord som vinchat, digital kaffi og sjokkdigitalisering. Nyleg tok også ordboka Oxford English Dictionary med seg «unmute» på si liste over ord som har prega året mest. Det har også vore mykje skam i språket, som dorullskam, hytteskam, joggeskam og hosteskam.

Gamle ord med ny vri

At medisinske og særleg epidemiologiske faguttrykk har vandra inn i allmennspråket, er eit anna tydeleg kjenneteikn på språkåret. Folk flest snakkar no utan vidare om smittekurver, reproduksjonstal, flokkimmunitet og andre fagord.

– Ein annan tendens vi ser, er at ein hentar kjende ord frå det etablerte ordtilfanget og gir dei ei ny meining. Som dugnadsomgrepet, som vart viktig i styresmaktretorikken for å stoppe smitten, seier Wetås.

Kohort, nærkontaktar og «meteren» er andre gamle ord som no har fått ei heilt ny meining.

– «Meteren» har vorte til ein slags Skybert – ein venn ein har med seg rundt, og som skal fylle det tomme setet ved sida av ein for å hindre smitte, humrar Wetås.

– Og før pandemien trur eg ingen ville tenkt at definisjonen på ein nærkontakt var ein du har vore mindre enn to meter unna i meir enn eit kvarter, legg ho til.

Sjeldan heilt nye ord

I fjor vann «klimabrøl» kåringa, med «bunadsgerilja» som nummer to på lista.

Juryen går kvart år gjennom store mengder avis- og nyheitstekstar for å sjå på kva ord som plutseleg vart mykje brukte i det aktuelle året, men som ikkje vart brukt, eller berre sporadisk, året før.

Medisinske ord og uttrykk vart allemannseige.  Foto: Heiko Junge


Samtidig held det ikkje at orda berre skal vere mykje brukte for å komme på lista. Juryen leitar etter kreativitet og samansetjingar av ord eller uttrykk som er gjorde på ein ny og overraskande måte, men samtidig lett å forstå.

– Det er sjeldan vi finn eit heilt nytt grunnord, men det gjorde vi i 2014 med å nave, fortel Wetås.

Meir typisk er nye og overraskande samansetjingar av to substantiv som fattigdomslykke, oskefast og kvardagsintegrering, alle blant vinnarane dei seinare åra.

Ho seier kåringa i år er ekstra krevjande fordi det er eit så enormt tilfang av omgrep og nyord å velje mellom.

– Kvar einaste månad har det segla opp nye ord og gode frasar, påpeikar ho.

Blant dei siste er nødlandslaget, sosiale bobler, treningsflyktningar og drikkeflyktningar.

– I år kjem det nok til å vere ekstra mange meiningar, for mange har sine eigne favorittar, seier Wetås.

Fakta om årets nyord

Kåringa av årets ord er det Språkrådet som står for i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskole (NHH). Kåringa skjer fredag.

Tidlegare vinnarord:

  • 2019: Klimabrøl.
  • 2018: Skjebnelandsmøte.
  • 2017: Falske nyheiter.
  • 2016: Kvardagsintegrering.
  • 2015: Det grøne skiftet.
  • 2014: Framandkrigar.
  • 2013: Sakte-tv.
  • 2012: Å nave (naving)
  • 2011: Rosetog
  • 2010: Oskefast
  • 2009: Svineinfluensa
  • 2008: Finanskrise

(Kjelde: Språkrådet)

Fakta om koronaord

Her er eit knippe nyord som har dukka opp under koronakrisa

søringkarantene

hostebot

hytteskam

hyttekrig

koronapolitiet

vinchat

digital kaffi

heimekontor

korontene

koronadugnad

karantenekonsert/-fest

virtuell fredagspils

avstandstur

koronafast

koronastranda

karantenekroppen

karantenegruppe

sjokkdigitalisering

heimeisolasjon/sjølvisolasjon

smittekurve

klappeaksjon

koronakrisepakke

koronakrakk

koronalov

nødlandslag

treningsflyktning

drikkeflyktning

sosiale bobler

Gamle ord som har fått ny meining:

«meteren»

kohort

nærkontakt

nasjonal dugnad

Kjelde: Språkrådet, NRK, NTB

(©NPK)