Svar på koronatesten same dag

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Grunna aukande smitte i Ørsta og Volda siste tida, og smittetilfelle utan sikker smittekjelde, tek Volda og Ørsta kommunar no grep for å få så raske svar på koronatestane som råd i ein periode framover.

Sjølve testinga vil skje kl. 09.15- 11.00 på teststasjonen i Hovdebygda. Prøvesvara frå mikrobiologen i Molde vil i hovudsak kome same kveld som prøvene er tekne. Om svara ikkje ligg på helsenorge.no innan kl. 22, vil dei kome neste dag. Dei som ikkje finn svaret på helsenorge.no, kan ringe teststasjonen.

Det er svært viktig at alle som har luftvegssymptom held seg heime og tek kontakt for å bestille time på teststasjonen. Dette gjeld sjølv om du berre har ei lett forkjøling. For at vi skal klare å oppdage smittetilfelle og hindre vidare smitte, er det svært viktig at folk testar seg, skriv kommunane i ei pressemelding.