Strengare koronatiltak i Ørsta

Stengjer sjukeheimane for besøk

Ørstaheimen: Frå laurdag 28. november vil Ørsatheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen vere stengde for besøk. 

Nyheiter

– Grunna aukande smitte siste tida i Ørsta og Volda innfører vi etter råd frå FHI føre-var-tiltak for å beskytte sårbare eldre.

Det skriv Ørsta kommune i ei pressemelding fredag ettermiddag.

– Vi stengjer sjukeheimane våre for besøk frå laurdag 28. november kl. 15.00. I Ørsta kommune gjeld dette Ørstaheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen. For svært dårlege pasientar vil det likevel kunne bli tilrettelagt for besøk etter avtale.

Kommunen oppmodar om at besøk til bufellesskap for eldre vert sterkt redusert.

– Dersom folk kjem på besøk til bufellesskapa vil dei få delt ut munnbind.

Tilsette som jobbar med pasientnært arbeid på sjukeheimane, i heimebasert omsorg og bufellesskap for eldre skal frå fredag ettermiddag bruke munnbind på jobb.

– Fram til sjukeheimane stengjer laurdag må også besøkande som allereie har avtale bruke munnbind under besøket. Besøkande vil få delt ut munnbind. Ei ny vurdering av situasjonen vil bli gjort mot slutten av neste veke når vi veit meir om korleis situasjonen utviklar seg dei næraste dagane. Det vi innfører no er føre-var tiltak for å beskytte sårbare. Elles i samfunnet held vi fram med å følgje dei nasjonale retningslinjene med barnehagar og skular på gult nivå og nasjonale reglar for aktivitetar for barn og unge, arrangement og samlingar.