Ny smitte i Volda - ikkje knytt til pågåande utbrot

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune opplyser fredag ettermiddag at ein person har testa positivt for covid-19 27. november.

– Dette er ikkje knytt til pågåande utbrot. Smittesporing og kartlegging går føre seg. Pga aukande smitte siste tida i Ørsta/Volda innfører vi etter råd frå FHI føre-var tiltak for å beskytte sårbare eldre. Tilsette som jobbar med pasientnært arbeid på sjukeheimane, i HBO og bufellesskap for eldre skal frå i ettermiddag bruke munnbind på jobb. Det vil bli gjort ei ny vurdering av situasjonen mot slutten av neste veke når vi veit meir om korleis situasjonen utviklar seg dei nærmaste dagane. Det vi innfører no er føre-var tiltak for å beskytte sårbare, skriv kommunen i ei pressemelding.