Tysdag testa tre leiarar i helse- og omsorgssektoren i Volda kommune positivt på covid-19. Det opplyser Volda kommune.
– Smittesporingsteamet melder at smittekjelda er kjent og at nærkontaktar er sett i karantene og vert testa. Det er ikkje registrert at desse leiarane har hatt kontakt med pasientar. Til saman er det sett 10 nærkontaktar i karantene.
Det eine smittetilfellet frå 17. november har ikkje kjent smittekjelde.
– Alle må ha svært låg terskel for å halde seg heime og teste seg om dei kjenner på luftvegssymptom. Sjølv om symptoma er små kan det vere covid-19, skriv Volda kommune i ei pressemelding.