Fire nye smittetilfelle i Ørsta

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune fekk seint tysdag kveld melding om fire nye smittetilfelle av covid-19. Smittevegen er kjent, og alle fire har samanheng med smitteutbrotet i Volda, Stad og fleire andre kommunar på Nordvestlandet.

– To av dei smitta er tilknytt Ørsta vidaregåande skule. Ved smittesporing går vi 48 timar bakover frå fyrste symptom. Sidan ingen av desse har vore på skulen sidan fredag, er det ingen nærkontaktar på skulen som skal i karantene. Dei to andre smittetilfella har til saman 10 nærkontaktar som er sett i karantene og vil bli testa, opplyser Ørsta kommune.

Kommune minner om at smittekjelda knytt til det eine smittetilfelle i Volda sist veke er ukjent.

– Vi minner om at det framleis er eit smittetilfelle i Volda med ukjent smitteveg. Alle innbyggjarar må halde seg heime dersom dei skulle få symptom og bestille time til testing.

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka. Det opplyser Sunnmørsposten.

Sist veke testa sju personar positivt for korona i Volda kommune. 17. november testa tre personar positivt. Fire nærkontaktar av dei tre testa og positivt. I Ørsta testa to personar positivt sist veke. Begge smittetilfella hadde samanheng med smitteutbrotet i fleire kommunar på Nordvestlandet. Med dei positive prøvene tysdag er det totalt seksten smittetilfelle dei siste sju dagane.




Fire nye smitta i Stad

- Fire nye personar har testa positivt for covid-19 i Stad kommune, melder Stad kommune fredag ved ordførar Alfred Bjørlo.