Lokalbuss til døra på flyplassen

Omsider vil det bli enklare for bussreisande å kome seg til flyplassen i Hovden. Lokalbussen mellom Ørsta og Volda vil køyre innom fyplassen tilpassa rutetidene til Widerøe.

Snart kan det gå buss til døra på Ørsta – Volda lufthamn.  Foto: Arkivbilete.

Nyheiter

I eit brev til Ørsta kommune orienterer Odd Magne Vinjevoll i Utviklingsforum Hovden Lufthamn om dette.

Han skriv at Fram og fylkreskommunen no vil leggje til rette for eit busstilbod til flypassasjerane ved flyplassen, og at fagansvarleg buss i fylket, Svein Ivar Aarskog, har godkjent løysinga.

For å få dette praktisk til, må ei utkøyrsle ved parkeringsområdet utvidast, slik at bussane får tilstrekkjeleg svingradius. Når dette er i boks, vil bussane køyre heilt inn til avgangs- og ankomsthall, og gjere det godt tilrettelagt for reisande som nyttar seg av kollektivtransport.

Avinor har fått eit tilbod frå Strandmann Maskin AS, som kan utvide utkøyrsla for 122.000 kroner.

Vinjevoll og utviklingsforumet håper at Volda, Ørsta og Avinor vil dele på utgiftene til denne utbetringa, og søkjer begge kommunane om tilskot på 50.000 kroner til prosjektet.