Ikkje alle følgjer smittevernreglane

– Alle brukarar av hallen har rutinar og reglar som må følgjast

Det er innført strenge smittevernreglar i Ørstahallen, men det er ikkje alle som følgjer reglane.  Foto: Arkiv

Nyheiter

– Det er naudsynt med ei presisering av reglar i Ørstahallen no. Det er berre dei som på eit eller anna vis er knytte til aktivitetar (utøvarar, trenarar, foreldre) som har lov til å opphalde seg her etter dørene stengjer 16:30 på kvardagar og under arrangement i helgane, heiter det i Facebook-oppdatering frå Ørstahallen.

For at Ørstahallen skal vere open i det heile er det innført strenge smittevernreglar.

– Alle brukarar av hallen har rutinar og reglar som må følgjast. Og smittesporing må vere mogleg.

Likevel er det nokre som brukar hallen til opphaldsstad. Ørstahallen oppmodar no om at reglane blir følgde.

– Det er i hovudsak unge ungdomar som ønskjer å nytte hallen til opphaldsstad. Nokre av desse slit diverre med å følgje reglane som gjeld her. På landsbasis ser ein no ei oppblomstring av smitte blant nett denne aldersgruppa. Vi ber difor om at alle de som er foreldre til ungdomar snakkar med borna dykkar om at det ikkje er lov å vere i Ørstahallen no. Ta vare på kvarandre. Det blir bra.