No kan du bestille time til koronatest på nett

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

No kan du bestille time til deg sjølv, barnet ditt, nokon du er verge for eller har fullmakt frå på nett.

Det er kun dei fire neste dagane som vil visast til ei kvar tid, og ein finn ledige tidspunkt for testing. Så kan ein med nokre tastetrykk velje dag og tidspunkt for testing.

Ein kan bestille testinga på kommunane sine heimesider.

Ørsta kommune opplyser at det framleis også er mogleg å ringe teststasjonen for å bestille time eller om du lurer på om du bør teste deg.