Volda kommune er i ferd med å kjøpe eit strandområde i Vassbotnen.
Arealet kommunen vil sikre seg er ein del av eit samanhengande friområde med badeplass i Vassbotnen.
Oversiktskart som viser området kommunen vil kjøpe. Foto: Volda kommune
- At ein no sikrar seg dette området gjer at at at ein kan gjere Botnasandområdet endå meir tilgjengeleg med t.d. toalett/parkering m.m, står det i sakspapira til kommunestyret.
Botnasanden er frå gammal av brukt som badeplass, men dei sista åra har Årneset i andre enden av Rotevatnet blitt mest brukt.
- Når grunneigarar i området er positive til at kommunen får sikre seg arealet, og ein ser at kostnadene for å få dette til er i tråd med tidlegare inngåtte avtalar om friområde for kommunen vil eg tilrå formannskapet å godkjenne avtalen, skriv kommunedirektøren i tilrådinga.
Arealkostnaden vil i følgje avtalen vere rundt kr. 110.160.