Ransaka leilegheit og fann amfetamin i kjøleskapet

Ein mann er dømd til 270 timar samfunnsstraff i Sunnmøre tingrett.  Foto: Stig Vågnes, Sunnmørsposten

Nyheiter

Ein mann i slutten av 20-åra fekk politiet på besøk i november i fjor. Politiet ransaka leilegheita etter mistanke om at tiltalte bytta amfetamin mot andre varer. Det vart gjort funn av til saman 87 gram med amfetamin. Desse funna vart gjort tre ulike stadar på kjøkkenet, i ein kopp i kjøleskapet og på stovebordet.