Ny teneste frå kommunen

Ørsta kommune med ny døgnopen teneste.  Foto: Arkiv

Nyheiter

No kan innbyggjarar i Ørsta kommune ta i bruk Mi side. Dette er innbyggjarane si personlege side for offentlege tenester, opplyser Ørsta kommune.

– På Mi side kan du løyse oppgåver når det passar for deg, uavhengig av opningstidene til kommunen. Her kan du lese digital post til og frå kommunen, sjå eigedomsinformasjon, byggesaker og gå vidare til ei rekkje nasjonale tenester frå for eksempel Skatteetaten, NAV og husbanken.

– For å logge inn på Mi side må du ha elektronisk ID. Når du er innlogga får du tilgang til relevant informasjon frå alle kommunane du har eit forhold til. Det vil seie at om du bur i Ørsta og har eigedom i andre kommunar, so vil du få informasjon frå både Ørsta kommune og dei kommunane du har eigedomar i.