Ærefullt oppdrag for sjetteklassingar

6.trinn ved Bratteberg Skule har fått eit ærerikt oppdrag. Dei er valde ut til å vere i juryen for Bokslukerprisen 2020/21.

6. trinn ved Bratteberg skule.  Foto: Privat

Nyheiter

I haust fekk over 120.000 elevar på mellomtrinnet (5-7.kl), landet over utdelt kvar sin antologi med utdrag frå 10 ulike barnebøker. Dei ti bøkene i antologien har tidlegare blitt stemt fram som verdige kandidatar. Ulike sjangrar er representerte: krigsdrama, humor, drama, thriller, forelskelse, krim, biografi, identitet og grøssar.

Foreninga Les!

Foreninga Les! står bak prosjektet som no har motivert og lagt til rette for leselyst og leseglede i mange klasserom.

Foreningen!les si oppgave er å fremme lesing av litteratur til barn, ungdom og voksne. Det overordna målet er at fleire skal leser meir. Dei jobbar for å utvikle formidlarrolla og framheve lesande rollemodellar.

Engasjerande samtalar om bøker

Utover hausten har dei 10 utdraga blitt lest og vurdert av elevane. Til kvart utdrag har det vore forslag til opplegg som har ført til engasjerande samtalar om bøker. Framsider, hovudpersonar, handling, illustrasjonar og sjangrar har blitt tolka, diskutert og vurdert.

I klassene har ein diskuterte sterke og svake sider ved bøkene,og til slutt har klassene stemt over dei fem bøkene dei meiner bør verte superfinalistar i Bokslukerprisen 2020/2021.

Valt ut til Jury-klasse!

Elevane på 6.trinn ved Bratteberg Skule er nok ekstra spente på kva slags fem bøker som blir Superfinalistar, for dei er nemleg så heldige å ha blitt valgt ut som ei av 15 juryklasser til årets Bokslukerpris, den einaste klassa frå Møre og Romsdal!

Skal tru om det vert nokon av dei favoritt bøkene som deira klasse stemte fram på?

I april 2021 skal det kårast ein vinnar av den gjeve Bokslukerprisen. Bokslukerprisen vert delt ut til forfattaren av den barne- og ungdomsboka som barn og unge sjølve synest er best. Denne prisen heng spesielt høgt hjå forfattarane, då det faktisk er mottakarane av boka som har stemt fram vinnaren.



Juryoppdraget forpliktar

I nær framtid vil klassa motta ei diger bokkasse med eksemplar av superfinalistane og utover vinteren og våren skal elevane i juryen lese alle fem bøkene frå perm til perm.

– Vi skal variere lesinga gjennom stillelesing, høgtlesing, skulearbeid og heimelekser, og håper på mange gode lesestunder og samtalar om bøker utover vinteren, seier lærarane på 6.trinn.

I starten av april skal vi vere med og stemme fram ei vinnarbok. Bokslukerprisen skal delast ut i Oslo i høve Verda sin bokdag 23. april 2021.

Her er finalistane

Kodeord Overlord av Tor Arve Røssland, Vigmostad og Bjørke 2019

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl, Samlaget 2019

Magnus Carlsen og sjakkmorderen av Aleksander Kirkwood Brown og John S. Jamtli, Cappelen Damm 2020

Blå flaggermus av Harald Nortun, Samlaget 2019

Harpa av A. Audhild Solberg, Aschehoug 2019