Investerer for fleire millionar på Åmskaret

Ny bru klar

Det er eit arbeid som vil ta nokre år. Likevel, steg for steg vert heilårsløypa til Åmskaret utbetra.

Vielva: Den nye brua over Vielva gjer det mykje enklare og tryggare å få halde løypa til Åmskaret ved like. F.h.: Arild Bjørdal, Kim Andre Bjørndal, Svein Silseth og Nils Ludvig Stavem. 

Nyheiter

– Vi er akkurat ferdige med byggjesteg to, som var ny bru over Vielva. Brua er seks meter brei, og gjer det mykje tryggare og enklare for trakkemaskinen å kome seg over elva, og til sjølve løypa til Åmskaret, fortel Svein Silseth i Åmskarets venner.