Loen Skylift og Voss Gondol i logostrid

Slåande likskap? Voss Gondol får i alle fall ikkje bruke sin logo lenger, fordi den skal vere for lik Loen Skylift sin.  Foto: Montasje

Nyheiter

Selskapet Voss Gondol blir nekta å bruke sin eigen logo framover. Bergen tingrett meiner han er for lik logoen til Loen Skylift.

Loen Skylift saksøkte Voss Gondol tidlegare i fjor, fordi dei meinte at logoen til konkurrenten var for lik. No har dei vunne fram i Bergen tingrett, skriv E24.

I dommen blir Voss Gondol nekta å bruke logoen framover. I tillegg må selskapet betale 1,6 millionar i erstatning til Loen Skylift, pluss 641.000 for sakskostnader til Loen Skylift.

– Det er ikkje grunnlag for ein slik dom. Det er inga etterlikning der. Vi er overraska og skuffa. Eg trur ikkje siste ord er sagt, seier dagleg leiar i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Han seier dei vurdere å anke.

– Dommen er gode nyheiter for alle gründerar som tek jobben og belastninga, med opp- og nedturane, ved å gjere ting nytt og skikkeleg, seier dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift.