Køyrde i 142 km/t

Nyheiter

Politiet har gjennomført fartskontroll i Kvivstunnelen, melder dei på Twitter.

Åtte køyrde for fort. Sju fekk forenkla førelegg, og eitt førarkort vart beslaglagt. Føraren køyrde i 142 km/t i 80-sona.