Fjernsynsdagen

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

Nyheiter

Bestefaren spurde 8-åringen om dei skulle sjå på fjernsyn. «Er det TV eller Netflix» du meiner?» kom det frå barnebarnet. Det er faktisk enkelte ord og uttrykk som det i dag er ei slags aldersgrense på, –før og no. NRK er meir generelt den viktigaste språkprodusenten i Noreg. No er TV-kanalane mange, og språkpåverknaden har ulik styrke. Då alle såg på NRK-sendingane, kunne samtalane på ferja eller i matpausen ta utgangspunkt i den same sendinga kvelden før.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

Fjernsynet spelar ei stor rolle i samtida, og det som vert vist på TV har stor makt. TV er ein viktig informasjonskanal, og kan dermed påverke og forme den offentlege debatten, politiske prosessar og avgjersler.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

I november 1996 heldt FN sitt første internasjonale TV-forum. Representantar frå media møttest for å diskutere fjernsynet si rolle i ei verd i endring. Gjennom ein FN- resolusjon vart det då vedteke at 21. november skulle vere ein internasjonal TV-dag.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

Stortinget vedtok i 1957 å innføre fjernsyn i Noreg. I 1958 var det 13 tilsette i NRK Fjernsynet. 235 husstandar hadde TV-lisens tilpassa ein einaste TV-sendar. I 1960 kom dei ordinære sendingane, og talet på lisensar hadde auka til 16876 og det var 100 tilsette. 20. august 1960 kunne kong Olav erklære fjernsynet i Noreg for opna.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

Vi hugsar at dei første og viktigaste sendarane her lokalt var frå Gamlemsveten og Bremanger. Ved olympiaden i 1964 kunne vi sjå TV i eit apparat på scena i Follestaddalen Samfunnshus. I Vikegata kunne vi utandørs sjå og høyre sendingar frå televisjonsfirmaet til Einar Flø. TV-antennene kom opp både her og der berre ein kunne finne gode nok signal, kanskje i ei tre på andre sida av vegen. Vi kunne sjå kven som fekk seg TV-apparat. Når vi såg på skiskyting, var det ballongar som var blinkar. Og alt var i svart-kvitt. I debattprogram sat deltakarane og røykte. Nyhenda vart mykje større, og frå november 1969 sende NRK direkte fotballkampar, såkalla tippekampar.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

I 1971 diskuterte Stortinget om fargefjernsyn skulle innførast i Noreg. Det var i denne debatten dåverande stortingsrepresentant og seinare kringkastingssjef Einar Førde sa: «Synda er komen til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar.» Kong Olav si nyårstale i 1971 var ein tjuvstart og første sending i fargar i norsk fjernsyn. Frå 1975 var det ordinære farge-TV- sendingar frå NRK. Vi har hatt TV2-sendingar sidan september 1992. NRK2 kom som eit alternativ i 1996.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

Då fjernsynet kom, vart heimane og kvardagane endra. Det vart sagt at familiekretsen vart omgjord til ein halvsirkel. Besøktala til kinoane minka, – folk sat oppglødde framfor TV-skjermane heime. I ei tid med ein eller få kanalar kunne gatene vere nesten folketome når dei mest populære programma vart sende. Eller som det vart hevda: Tysdagskveldane høvde best for kor-øvingar og andre samkomer, for då var det finsk fjernsyns-teater.

Postkort frå samlinga til Jostein O. Mo. 

På hotell, kafear, kantiner og andre samlingsstader var det TV-stover. Etter kvart kom det også TV på kvart hotellrom. Og i aviser og vekeblad var det artiklar og reportasjar i høve det nye mediet. Postkorta følgde opp med nyare motiv, og TV-skjermen vart profilering på fleire vis. Her vart det høve til å vise omverda at verda hadde kome nærmare. Slik var det.